Kan ein bekk vere eit kulturminne?

Av Svein Kjørvik

 

Mitt kulturminne er bekken frå Heptevannet innanfor Logan. Heptevannet ligg ved Fv 461 og bekken renn utover myrene i Logan og ned lia til han ender opp i Lygna ved Vemestad.

Heptevannet

I austenden av vatnet er det mura opp ein stem (demning) av kilte stein. I stemmen er det ei opning med ei luke slik at vatnet kunne samlast opp og nyttast som drivkraft lenger nede.  I vår tid er luka i stemmen erstatta av ei rist. Dette var for å halde fisk inne då det vart slept ut fisk i vatnet ovafor. I vår tid er det også lagt ei gangbru over stemmen for å få lett veg til ei hytte. Bekken som er mitt kulturminne kjem frå opninga i stemmen.

På sin veg mot elva vart vatnet i bekken nytta på fleire stader.

På dei flate myrene i Logan har det ikkje hendt så mykje, men Logelonene var skeisebanen vår då eg var skulegut. Men så: Rett nedanfor løa i Logan er det ein liten djup høl: Ålgards-hølen. Her hadde folk i Logan eit ålekjer (ålekiste). Dvs her fanga dei ål. Nå er det berre namnet igjen. (Sjå Namn i Lyngdal.) Vest for Ålgardshølen gjekk det ein sti opp på heia. Her er det ei steinbru over bekken. Ho er laga av store steinheller. Brua vart nok nytta av både folk og fe. Like over brua er det murar etter ei utløe.

Aust for Ålgardshølen er bekken steinsett. Dette var sikkert eit tiltak for å senke grunnvatnet og få betre slåttemark. Denne delen av Logemyrene vart brukt som slåttemark fram til 1949.

 

Ålgardshølen
Bekken i Logemyra.
Steinbrua

Omlag 300 meter frå Ålgardshølen ligg det murar etter eit kvernhus. Her hadde folk grave ei renne ut frå bekken for å få godt fall på vatnet. Renna gjekk frå bekken og fram til Fv 461. Så hadde dei trerenner (slok) ned til kverna, Denne staden heiter Kovbrå. (Kovbrå betyr oppdemming.) Den siste utvidinga av vegen tok mykje av dette, men ennå kan ein sjå første del av renna. (Det vart fortald at huset på bnr. 1 i Logan brann i 1910. Ho som budde der, Lovise Larsdotter Logan (Lovissa i Logan), søkte ly og tilflukt i kvernhuset dei første dagane etter brannen. Murane etter huset står oppe på beitet på nordsida av vegen. Etter kvernhuset får vatnet i bekken fart utover lia og nokre hundre meter nedafor ligg det restar etter eit kvernhusanlegg. Det har vore 3 kvernhus her og eit litt lenger nede. To av dei 3 er det berre murrestar igjen av, men det tredje står ennå. Sloket og kvernkallen er borte, men huset står. Det blei reparert i 1950-åra med plater på taket og det har redda innreiinga i huset. Her har mennene som vakta malinga av kornet rissa inn årstal og forbokstavar i veggstokkane. Det var nok mange og lange timar å sitja der og passa på.

  Kvernhusmurar i Logan.
Bakkjekvernhuset
Kvernhuset på bruk nr. 1.
Inskripsjonane

Det var gardsbruka på Høyland som hadde kvernhus her. Kanskje måtte alle male på same tid når vatnet frå Heptevannet kom. Dei 3 øvre kvernhusa hørte til bnr. 1-2-og 4 på Høyland. Bnr. 3 hadde det nedre kvernhuset. Dette huset står også. Så kjem bekken forbi eit jordstykke: Vårmyra eller berre Myra. Ho vart dyrka i 1920-åra. Bekken har nå svinga utover mot Fv 461 igjen og vegen går på bru over bekken nedanfor Myra. Her kallar vi bekken for Myrbekken. Den gamle brua ligg nær den nye som kom ved den siste utvidinga av vegen. Bekken kjem så fram til Lisøyna, dvs han deler seg i to løp. Rett før Lisøyna ligg den nyaste bruken av vatnet: Her er brønnen til bruket på Li.

Steindammen med opninga

Etter Lisøyna samlar bekken seg og vatnet går i eit godt fall ned mot saga på Li. Her vert bekken kalla Lisbekken. Fram til 1950-åra var det vasskraft frå bekken som dreiv saga. Det var trerøyr ved bekken som førte vatnet fram til turbinen. Her vart det saga mykje material til bygging og mykje tønnestav. Før saging på Li måtte opninga i dammen i Heptevannet opnast.

Det tok tid før vatnet kom. Det vart lettare då det vart ført høgspent straum fram til saga og ein stor elektromotor overtok. I andre etasje i sagbygningen låg verkstaden til Li Mannsforening. Dei fekk drivkraft til maskinane frå vatnet før elektromotoren kom. Saga på Li overlevde ikkje snøvinteren 2017-18. Huset sokk i hop under vekta av snøen. Nedafor Li går Fv 461 over bekken to gonger der bekken er på veg mot elva. Her vert bekken kalla Kleivbekken. Nederst i lia vart vatnet nytta endå ei gong. Her var det eit kvernhus.

Saga på Li i slutten av 1970-åra. 5 karer som arbeidde på mannsforeninga: Hans O. Brådland, Hans G. Brådland, Andreas O. Vegge, Olaf Wemmestad og Trygve Homeland. 

 Hentet fra Lyngdalsboka 2018

 

Skroll til toppen