Lyngdal historielag

Reier i Røysa

utdrag fra Hjalmar Kielland m/flere

Dette er fragement av en tekst som vi antar er skrevet av Hjalmar Kielland. Det er nedskrevet i 1921 på baksiden av en valgseddel fra «Høires og Frisindede Venstres valgliste for Akershus valgdistrikt 24. oktober 1921».

Hjalmar var sønn av Gustava og Gabriel Kielland, og var født i 1834. Han var altså bare 3 år da familien kom til Lyngdal i 1837 og han kom til å ha hele sin oppvekst og ungdom her i bygda. 24 år gammel kjøpte han Berge gård og vi vet at han i perioder hadde sin mor boende hos seg. Han solgte seinere gården i Lyngdal og flyttet til Skedsmo i Akershus. I 1921 var Hjalmar 87 år gammel. Men han var fortsatt interessert i mange ting, og forsøkte å formidle noen av de inntrykk og minner han hadde fra årene i Lyngdal og barndommen.

Vi gjengir her teksten i noe modernisert språk. Originalen befinner seg i Kiellandsamlingen som kan leses på Lyngdal Bibliotek.

I Håballen, fordum den norske bondes glade ferietid (tiden mellom vår- og slått-onn) pleide en mann av sådant navn (Reier i Røisa) komme innom på prestegåren på vei til eller fra den lille veistykke som påhvilte ham som eier av jord. Han hadde i ungdommen vært sjømann, men ble gift og bodde sin lengste tid i Røisa, en ensom plass ute i Austad sogn. Hans kone døde nok tidlig og etterlot ham en sønn som het Arian – såvidt jeg husker. Mannens navn, såvel som hans ytre minnet om våre eventyrs farligste og mest ondskapsfulle bergtroll, «Røsen». Hans drakt var enestående; strikket av ham selv av ull fra hans puddelhund som han årlig klippet, og kanskje noe saueull, og av overmåte grovt garn. Mønsteret, spesielt i buksene hadde han kanskje fra sine besøk i Constantinopel, for de så meget tyrkiske ut; kort sagt, han så ut som en Bussemann, men på nært hold fant vi barn intet farlig ved ham; vi hørte derimot gjerne på hans historier fra gamle dager.

Han var sannsynligvis født omkring 1780–85 (han var faktisk født i 1775 på Åmdal og døde i 1848, 73 år gammel), og hadde vært sjømann i skipsfartens blomstrende tid.

Her ser det ut til at noe av teksten er blitt borte, det mangler et ark før Hjalmar går videre med å fortelle om noen av de opplevelser Reier hadde fortalt fra sitt liv.

Fruene var så fornemme at man kaldte dem «Deres Nåde» og de var så fine at de gikk kledd i frynser og gardiner.

Talte man om hans høye alder fortalte han at han hadde hørt en lærd mann lese i en bok – og så siterte han på skriftspråk – om ørnen når den blir gammel, flyr den opp i solen og svir sine vinger, så blir den atter ung, og noe lignende mente han kunne hende ham når han rakk 100 år. Han var altså ingen misantrop og man sa at han også eide «Kirkeklær» og hertil kanskje også penger, hvormed han av og til kunne hjelpe en pålitelig mann med et lite lån.

Sønnen holdt hans minne i ære. Han fortalte, visstnok med beundring, at da de skjønte at hans mor lå på det siste, hadde Reier sagt ham at han selv gikk ut på tunet og hugget ved; «men når du ser at hun begynner å drage» (dødsrallen), «ska du seie meg te». Da han altså ble innkalt gikk han til sengen, «men da bad han med magt».

Jeg besøkte Arian for henved 60 år siden. Oppe på en bakke topp så jeg hans høye skikkelse stående stille, støttet på en rive, med blikket i en bestemt retning. Når ser han vel en Ham, tenkte jeg. (Ham er visstnok et gjenferd/vardøger eller lignende).

Fremkommen fulgte jeg ham inn i hans stue, døren gikk rett ut på gårdsplassen. Innboet besto av et par krakker, ildsted og en seng. Hans sengeteppe besto vesentlig av utslitte klær, som ble heftet på etter hvert, men derved var dekkenet blitt utålelig tungt med tiden. Allerede Reier hadde merket det, og derfor festet et smekkert tau midt på teppet; den ledige ende skar han inn i en blokk under loftet og festet enden i en klamp i veggen ved siden av sengen. Så kunne han på en måte få den passende varme og vekt mens han lå.

Det later til at både far og sønn har hatt status som bygdeoriginaler og det går fortsatt mange historier om de to. Vi gjengir nedenfor det som er fortalt i bygdeboka for Austad, bind I.

Tore Bergstøl gjengir litt av det de gamle fortalte om folkene i Røysa (Atterljom III, s. 32):

«Reier i Røysa i Austad hadde vore med og forlist med eit skip nord på Nordlandet (=Jæren). Dei dreiv på kjølen i mange dagar. Så døydde kokken. Dei talte om å eta han opp, for dei svalt så fælt. Men så blei dei einige om å slakta skipshunden og eta opp den. Reier fekk blodet, og etter det blei han synsk så han såg meir enn andre.

Ein morgon dei satt og slipte, han og sonen Arian, så kom det ein underjordsmann. Reier og han taltes med ei lang stund. Arian såg og denne mannen, men han skjønte ikkje kva det var dei talte om. Så om ei stund sa Reier farvel til mannen, og så reiste han.»

Herløv Åmland har samlet og skrevet ned en del av det han hørte fortalt om bygdeoriginalen Arian i Røysa:

«Nils Emanuel fortel:

Då eg var ein gutunge, var eg nede hos han og bar møk. Me var fleire hos han. Det var endå det året eg gjekk og las. Når meg gjekk ned sånn ved 9-10 tida, var han til vanleg ikkje oppe. Me banka på. Han svara noko slikt: «Barfott!» Men du må ‘kje tru me kom inn. Fyrst etter han hadde lese, opna han døra. Det han las kunne me ikkje skjøna. Men når han på slutten kom til Fadervår, det kunne me skjøna. Eg hadde 12 skilling dagen hos han. Arian var grei, og me kom alltid godt utav det med kvarandre. Det drog ut før eg fekk betalinga for møkberinga, men eg ville ikkje tala om det. Så ein dag minna han meg om det og bad meg koma ned. Eg så gjorde. Utor senga finn han fram ein fillebylt som han har ei nøste inne i. Og inne i nøsta ligg så pengene. Han gjev meg ein heil dalar; det var 12 skilling meir enn eg skulle ha. «Desse tolv skillingane skal du ha fordi du ikkje har lege og gnaga etter pengane, som dei andre gutane har gjort.»

Mange fekk hjelp hos Arian. Særleg var det kyra som gav dei hjelp. Dei kom og mjølka ho.

Sille og Hans Askeland fortel om Arian:

Reidar, far til Arian, skulle ha vore ein underleg kar. Hans kunne minnast han. Han budde i Røysa der Arian heldt til. Reidar var med i krigen mot engelskmennene. Han skulle ha vore med ved Lyngør. Reidar kunne trolla. Eingong fekk han juling. Då vart han sinna og sa: «Det fær de att!» Andre dagen kom dei i slag. Ein mann vart skamskoten. Eine beinet gjekk av, og mannen døydde.

Han kunne også spå. Han kunne seia på førehand kven som skulle falla og kor tid. Dersom det ikkje hende, skulle han sjøl bøta med livet. (Dette siste fortalde far min.)

Arian hadde 2-3 kyr. Ofte nokre kalvar som han hadde ståande inne hos seg ved ei seng. Han var alltid seint ute med arbeidet, slåtte alltid etter andre; då fekk han hjelp. Jordepla tok han opp langt på hausten. Det hende at det kom snø så han ikkje fekk opp alle. Sille hugsar ein gong det blei så kaldt at ho laut gå heim.

Møka kjørte han ofte ut i store mukker, og dei blei aldri spreidde. Me kunne finna desse møkemukkane i graset seinare.

Hus og løe var i eitt, bare eit lite skjul imellom. Inne i stova var mykje rart. Litt innom døra var fyrst ljoren (aren). Her hadde han gryta i skora og eit hellebrot til å deika kaker på. Det var eit slags havrekaker eller jordeplekaker. Han knødde saman mjøl, og så koka han graut. Havren «treska» han sjøl; «slo han av». Han hadde også innekvern eller handkvern og mol havren sjøl. Han hadde også jordeple i grauten. Knødde dei fyrst i sund. Så åt han. Med ei stor ause tok han grauten opp, og med ei mindre åt han. Han nytta aldri bordet når han åt. Grauten hadde han i ei bytte som han sette mel-lom knea. I bytta samla han alt. Han hadde ein liten stol eller krakk som han sat på. Elles ingenting inne til å sitja på. Golvet var sjølve auren. Inne i stova hadde han seng og jordeplebinge. Me høyrde aldri at jordepla fraus hos Arian. I taket var ein opning i så røyken kunne koma ut. Nokre bord stod opp av taket og gjorde teneste som pipe. Han hadde også en lem for opninga. Taket og veggene var stokkar.  Veggene var heilt blanke og mørke, der var aldri vaska hos Arian. På eine veggen hadde han eit lite vindu (ca. 1/4 meter i firkant).

Kledebunaden hans var noko for seg sjøl: På hovudet ein slags hatt eller hue. Fyrst hadde det vore hatt, men så tok han og sauma til eit katteskinn utanpå. Han kalla hatten sin for «pasketta». Til buksar hadde han nærast skjorter. Han sauma dei saman litt, men dei var ikkje gode å koma avsted med.

Utanpå kleda hadde han så ein saueskinnsfell, og ulla hadde han ut. Han feste fellen med ein syl eller nål. Fellen bar også skinnet av hovudet, og horna stod ofte att. Denne «drakta» gjorde mannen svært uhyggeleg. Arian dreiv også litt med spøting. Han skulle ha ein handtein.

Arian var ikkje god til helse. Han leid av brokk. Byrer kunne han ikkje greia; han måtte dra dei etter seg. Arian dyrka nepefrø. Dette frøet selde han utanfor kyrkja preikesundagen. Mange kjøpte av han, helst då ungdomar. Dei likte å få tala med han. Han hadde ei lita treskei utan skaft som han nytta til mål. Ei slik skei kosta to skilling.

Arian hadde ein hund som heitte «Barfot». Han var grå på leiten. Lite mat fekk han, og difor var han svært til å stela når Arian hadde han med seg.

Arian trudde mykje på skrømt. Eingong hadde han sett noko sværande stygt: «Ja, det seier seg, at ikkje ein hadde våga seg ut etter at stjøtnane var komne på himmelen, hadde dei set det synet eg såg!» Eit stykke frå huset hadde han og set eitkvart. Eingong han hadde vore på Askeland hos Tobias, let han sonen fylgja seg forbi denne staden. Han hadde elles ei torva med eld i når det var mørkt. Han la torva i omnen til det ble eld i, og så tok han i veg. Some tider hadde han torva i bare handa, andre tider nytta han ei eldtong. Fæle tid når eldkneistane stod om han når han kom i mørket. Men med eldtorva heldt han i alle fall skrømtet borte.

Han tigde ofte etter fisk når han var rundt hos folk. Arian døyde hos Knut som budde ved Åmlandstjønna. Det siste blei han så dårleg at han kunne ikkje stella seg sjøl. Arian hadde ikkje få pengar etter seg. Det blei oppretta ein legat før han døydde. Pengane skulle gå til fattige. Resten fekk Knut. Han fekk også garden. Arian lånte også bort pengar til trengande.

Arian ville ha bygd seg eit betre hus. Han hadde fenge borda til huset heim. Men det vart aldri noko av bygginga; borda blei liggjande og rotna. Det seiest at Arian ville gifta seg, difor måtte han ha hus. Men så gjorde ho det om inkje, og han fekk ikkje noko hus.»

Arne Stuestøl fortel også ei historie om Arian i Røysa (Norges Bebyggelse, Vest-Agder venstre del, s. 5-6):

«Arian i Røysa skulle på tinget for å betale skatten. Han hadde småskillingene i en skinnhit. Det hadde vært mel i hita, og da han tømte pengene på tingbordet, røk melet opp i lufta og over klærne på futen. «Ut!» skrek futen. Arian tok folk til vitne at skatten var tilbudt i rede penger, men futen ville ikke ha dem. Så skrapte han pengene i hita igjen og gikk. Han slapp fri skatten det året.»

Kilder:

Kiellandsamlingen, Lyngdal Kommune. Oddleif Lian, Austad I.

 

Hentet fra Lyngdalsboka 1997