Barnestell og anna i gamal tid – etter Bertine Akersmyr.

Barnestell og anna i gamal tid

Kvinner som gjekk med barn måtte vera varsame med mange ting. Dei måtte ikkje stiga over eit band, ikkje sjå harehovud, ikkje sjå lik, aldri vera med ved slakting eller sjå noko ufyse. Heller ikke måtte dei høyra om noko som var stygt eller vondt. Dersom slikt gjorde inntrykk på mora, kunne det vera skadelig for barnet.

Mora kunne nok arbeida hardt når ho var van med det, men ein laut vera varsam med t.d. å erta henne. Var mora sinna blei barnet det også.

Anletsfødsel tydde på at det blei «kjekke folk» – altså eit godt menneske. Det varsla og god lukka for barnet dersom det var fødd med sigerhuva. Ein gamal mann sa at dersom augnebryna var vokst saman, var det fare for at barnet kom til å drukna. Hadde barnet to sveiv i håret, var det teikn på lukka. Var det noko barn som spurde kor småbarna kom frå, så var nok det vanlege svaret at jordmora kom med småbarna. Ei gamal kvinne sa «hjelpekona kom med dei i ein sekk». I staden for såpa bruka dei «tårlut». Dei brende einerbusk og koka lut av aska, det kalla dei «tårlut» og hadde noko av den luta i badevatnet til småbarna. Badepudder – det var potetmjøl som var turka godt.

På hovudet hadde dei ei huva sydd av bomullstøy, på den nyfødde. Dei var svært varsame med barnehovudet. Dei hadde eit «pannetørkle» som dei la over panna og bak rundt hovudet, så fram att og knyta det i panna. Det skulle stø hovudet til alt var «stivna og styrkast». Barnet fekk ei skjorta sydd av kvitt, mjukt bomullstøy, og utanpå det ei kulørt trøya av bomullstøy. Den var ofte fòra så den skulle vera varmare.

I.H fortalde at i gamal tid reiva dei også armane på barnet. Dei hadde lange lindor, sume var strikka, andre var av tøy. Dei var kanta med kulørt tøy og var over 2 meter lange. Dei tok først eit «slag» med linden over føtene, så om smalleggen og oppover til dei kom til bakenden, der tok dei linden meir grissent på undersida så bakenden ikkje blei surra inn, så heldt dei på å reiva til dei kom like under armane, så tok dei eit «slag» over eine armen og bak, og så fram over den andre armen. Armane låg i kross over bringa. Dei rekna med at barnet skulle liggja i reiva i 20 veker. Dei minka av etterkvart med reivinga. Om dagen reiva dei ikkje så hardt, men meir om natta så ikkje barnet skulle spenne seg hudlaus på føtene. Dei reiva barnet for at det skulle få «strake bein». Armane reiva dei for at dei ikkje skulle klora seg.

Barnet ble skifta på 3 ganger om dagen. Om morgenen blei det vaska over heile kroppen og då bytte dei og rein skjorta og trøya på det. Barnet fekk mat når det skreik og var uroleg, anten det var natt eller dag. Det var nokså vanleg at barnet saug i 12 månadar. Barnet fekk og smaka av barselgrauten som dei kom med til mora. I gamal tid var det graut av byggryn (Hollandske gryn) som var det gjævaste. Då risengryn var komen i handelen, tok ei kona og koka risgraut og gjekk med til sengemat. Den ble ikkje så vel motteken. Mora sa til spedbarnet: «I morgon kjem besta med graut som både du og eg kan eta». Bestemora kom med byggrynsgraut.

Der var dei som trudde at stål kunne verja barnet mot de som ville det vondt. Den 90 år gamle kvinna (I.H) fortalte at då ho ein gong skulle ta barnet opp av vogge, låg der ei saks under barnet. Det var svigermora som hadde putta saksa i vogga. Ho ville nok gjera sitt til å verja odelsguten mot alt vondt. Ho fortalde og at barnet dei første dagane skulleliggja i «dryptetroget». Det var det sinaste dei hadde i huset. Det var polert av kornet når dei «drypte» det. Dei hadde vogga, men dryptetroget var det finaste. Var det ein gut skulle han ristas litt i troget – kan henda han skulle bli sjømann. Var det ei jente måtte ho ligge heilt stille i troget.

Det gjaldt å få barnet til dåpen så fort som mogleg. Dei var så redde for at det skulle dy før det blei døypt. Det vanlege var at dei kalla opp mannens (farens) folk først. Men var kona sin far død, blei han ofte kalla opp før mannens far. I sume slektar bruka dei det slik at første guten heitte etter mannen sin far, og første dottera heitte etter kona si mor. Namnet på barnet blei aldri brukt før etter dåpen. Dei fekk namnet i dåpen, seier dei gamle. Dersom dei bruka namnet før dei var døypte, blei dei urolege og skrikande.

Dei eldre mannsfadderane kalla dei for «guffa» (gudfar), ho som heldt barnet over dåpen for «gudda» og ho fortel at dei reivde barnet som vanleg når dei skulle «kristna» det, men dei hadde noko kvitt tøy utanpå tullen. Så la det på «plata»- det var eit kvitt tøystykke med hol til å ha over hovudet på barnet. Det var så langt at det nådde ned til barnet sine føter. Det var fint pynta med små kulørte sløyfer og silkeband. «Ho var så nydeleg». Der fylgde med ei trøya og luva. Dette «kristentøyet» gjekk på lån, og dei tok det av barnet når dei var komne heim frå kyrkja og dei som heime var, hadde sett barnet i stasen. – Ho fortel at ho sydde dåpskjole til sine barn, kjolen var i fint, kvitt tøy og fleire kapper nede. (Det er bare denne 90-åringen som hugsar «platene» som blei bruka på dåpsbarna).

Vogga hadde meier på breisida. Dersom nokon tok til å vogga når ikkje barnet låg i, så blei barnet leitt, uroleg og skrikande. Når mora måtte ha barnet med seg når ho arbeidde, batt ho det fast med linden så ho hadde det framfor seg når det var lite. Var det så stort at det kunne sitja oppreist, hadde ho det på ryggen bunden fast i linden. 90-åringen fortel at ho stod og bakte flatbrød med barnet på ryggen, hadde det og der når ho var ute og stelte dyra i floren og når ho haua potetene. Dei hadde og barnet med seg i ei korg når dei var på utearbeid. Dei la høy i botnen, og klede oppå høyet, så sette dei barnet nedi, og sette korga mellom nokre store steinar så ho stod støtt.

Når barnet skulle læra å gå, sette dei det i ein «gåstol». Det var ei rund treplate med fire bein under og eit hol i midten som dei putta barnet ned i. Barnet kunne skyva stolen fram, men det kunne ikkje setta seg ned.

Å leika med eld var forbode, folk var så redde for brann. Ellers fekk barna leika nokså fritt. Leiketøyet var nokså einfeldt. Som regel fekk dei finna på noko sjølv.

* * Bertine Akersmyr (1889-1967) gjorde desse notatene i 1954. Då var intervjuobjektet, I.H, 90 år gamal.* *

 

Hentet fra Lyngdalsboka 1993

Skroll til toppen