Lyngdal historielag

Misjonsstykket «Ekjowe»

Misjonsstykket «Ekjowe»

Fra boken «Misjonsarbeid i Lyngdal gjennom 100 år»

 

Misjonsstykket “Ekjowe” i 1990.

Dette misjonsstykket vart innkjøpt av misjonsforeninga i 1880 for vel 500 kroner. Årsmeldinga for dette året fortel at dei alt fyrste året avla om lag 20 tunner poteter og noko høy, og at bortimot halvparten av kjøpesummen var skaffa til vegar. Den 21. november 1880 hadde misjonsvenene møte på Berge, der det kom inn 100 kroner til misjonsstykket.

Av rekneskapane går det elles fram at misjonsstykket ikkje vart betalt av dei ordinære misjonsinnkomer, men ved omfram innsamlingar og av inntektene av misjonsstykket.

I årsmeldinga for 1881 heiter det: «Misjonsstykket «Ekjowa» der har kostet foreningen litt over kr. 500 er nu betalt, og dette års grøde antages at komme til at udgjøre lidt over 120 Kroner, som muligens dette året må anvendes som bidrag til stykkets forbedring og forsyning med huse».

Misjonsforeninga kjøpte stykket etter Martine Øygarden. Ho hadde butt i eit lite hus der like til ho døydde. Oline Martine Olsdtr. Øygarden fann sin død den 16. novbr. 1879 på den måten at ho om kvelden skulle ro over elva. Der rodde ho pråmen på grunn og vann ikkje å få han av att. Om morgonen fann dei henne ihelfrossen. Martine Øygarden hadde kjøpt stykket av Lyngdal fattigkommisjon, som hadde overteki det etter Åsmund Bergson då han reiste til Amerika.

Det var lensmann Konsmo som stod i brodden for kjøp av stykket. Opphaveleg var det eia husmannsplass under Berge. Ved skylddeling fekk stykket ei revidert skyld av 6 skilling. Garantien for kjøpesummen vart gjeven av misjonsinteresserte menn i Lyngdal «en for alle og alle for en». Men det var ikkje lenge dei trong denne garanti, då stykket alt om eit års tid var betalt. Ein stor del av stykket låg berre som ein lyngmo til 1883. Men på det som var dyrka, tok dei inn mellom eitt og to hundre kroner til misjonen kvart år.

Uthuset fra 1887 står ennå.

Styret for misjonsforeninga valde kvart år eit par mann til å stå føre misjonsstykket. Desse kunngjorde dagen då folk skulle møta opp og arbeida på stykket. Alt arbeid vart gjort gratis. Sume hadde og med hest og kjerre og reidskapar, såfrø og gjødsel. Det kunne koma opp til 50 mann til arbeid på stykket.

Reinert Haugeland var elles den drivande kraft i arbeidet på misjonsstykket. Det var helst han som ordna med arbeidet. Og hans mest trufaste medarbeidarar var Jakobsen Årnes og Bernt Rosfjord. Når noko arbeid skulle gjerast, var det desse to Haugeland vende seg til. Gjennom fleire år var det dei som pløgde opp potetene om hausten.

 

 

Før dei tok til med arbeidet, heldt ein av leiarane andakt, og når dei slutta, las dei gjerne eit Guds ord og heldt bøn. Om desse samlingane på misjonsstykket skriv lensmann Konsmo i ei melding i 1883: «Disse Sammenkomster har ikke givet så lidet pekuniært Utdbytte for Missionen, men hvad de ellers har udrettet og forhaabentlig vil udrætte i Vækkelse og Befæstelse af sand kristelig Missionssands, lar sig ikke udtrykke i Tal. Det ved allene Herren».

Misjonsstykket vart kalla «Ekjowe» etter den misjonsstasjon i Zulu som misjonsprest Ommund Oftebro var styrar av. Denne misjonsstasjon låg nede etter Zulu-krigen i 1879. Engelskmennene hadde gjort den om til festning då zuluarne hadde kringsett stasjonen og skori av tilbaketoget. Det er mogeleg at misjonsvenene i Lyngdal har tenkt at innkomene av stykket skulle gå til denne stasjonen.

Då misjonsforeninga hadde overteki stykket etter Martine Øygarden, reiv dei ned den vesle hytta ho hadde budd i. Men dei hadde alt frå fyrste tid i tankar å føra opp nye hus der.

Som nemnt vedtok foreninga i 1881 at innkomene av misjonsstykket dette år skulle gå til oppføring av hus på stykket. Etter det ein kan sjå av møteboka, må dette huset allereide vera bygt året etter, for i mai 1883 heldt foreninga møte «paa Bedehuset», og i november same år «paa Ekjowe». Den 13. januar 1884 hadde foreninga årsmøte «Paa Ekjowe Bedehus».

Møteboka fortel elles ikkje stort om bedehuset, men ein må gå ut frå at det er det same huset som i 1910 vart rivi ned og flytt til Drageland, der det no er i bruk som bedehus.

Om bedehuset på Ekjowe fortel elles tradisjonen at det kosta kr. 2800 endå det vart ytt mykje gratis arbeid. Det fortelst såleis at medlemene av kvinneforeninga var med og skura takstein. Det var nemleg eit gamalt hus som vart innkjøpt til bedehus, eit gamalt skipperhus frå Sælør. Mathias Tjomsland og ein til stod føre dette arbeidet. Forutan det gamle huset, kjøpte dei materialer på Lastad og i Mandal. Elles var det Reinert Haugeland og Jakobsen, Årnes, som hadde tilsyn med arbeidet.

Bedehuset hadde forutan samlingssal også eit mindre rom i den eine enden og eit rom ovanpå. Der budde i mange år Karen og John Bergsaker, eller John på bedehuset, dei kalla. Han dreiv snikkarverkstad der like til sin død.

I likskap med misjonsstykket vart bedehuset betalt ved omfram innsamling og ved innkomene av misjonsstykket.

Nokre år etter, i 1887, bygde misjonsforeninga også uthus på misjonsstykket. I årsmeldinga for det året heiter det såleis at «Missionsstykket «Ekjowe» gav ogsaa iaar et vakkert Udbytte, men dette har måttet anvendes til Afbetaling paa de Udhusbygninger som iaar er opførte paa Stykket, saa at intet for nærværende kan afsendes.»

Men allereide i årsmeldinga næste år heiter det at innkomene av stykket også det året (1888) måtte brukast til avbetaling på uthusa, som då ville bli betalt, og at det kanskje ville bli att litt til misjonen.

I uthuset var forutan løe også stallrom, kjøken og eit lite rom der folk kunne få seg mat når dei arbeidde på stykket. Dette huset står enno, medan bedehuset, som nemnt, vart rivi ned i 1910.

Bildet viser “misjonskorga”som ble brukt til å frakte og oppbevare det som ble laget på misjonsmøtene. Korga er fra 1800-tallet og har vært i bruk helt opp til vår tid.

Arbeidet på misjonsstykket vart etter kvart meir og meir vanskeleg å få utført. Misjonsvenene gjorde som før nemnt arbeidet sjølve, og dessutan gav dei gjødsel og frø. Dette friviljuge arbeid ser til slutt ut til å ha vorti noko av ein tvang, for på årsmøtet fastelags sundag 1919 låg det føre framlegg frå styret om å selja misjonsstykket. Årsmøtet gjekk ikkje med på dette, men derimot vart det vedteki å leiga det bort til Jens Omli for eit tidsrom av 5 år rekna frå I. januar 1919 og for ei leiga av kr. 150 for året. Etter I. januar 1924 betalte han kr. 120 for året. Jens Omli hadde misjonsstykket til han sa det opp i 1927. Styret valde då lærar Bringsjord, E. M. Wåskeland og 0. H. Trælsgård til å få leigt bort stykket på beste måte. Dei lyste det ut i Farsunds Avis, og det kom tilbod frå Waldemar Faret om å leiga stykket for kr. 60 for året. Han har då hatt det sidan.

I 1952 oppførte misjonen en enebolig på åkeren, den var tenkt som misjonærbolig. Det kom ingen misjonær, derfor ble eiendommen utleid til en jugoslavisk flyktning -Abrazcevic – han var forøvrig skredder.

Åkeren med huset ble seinere solgt til Maggie Bringsjord Mikalsen, og som er eier av eiendommen idag.

 

 Hentet fra Lyngdalsboka 1990