Lyngdalssong – av Martin Rødland

Lyngdalssong

 

(melodi: Å Ola Ola…..)

 

Så traust som fjell mot den sterke bylgje

lengst sør i landet Vest-Agder fylkje

stig fram mot hav imot sollands kyst

mot verden vide med sorg og lyst.

 

Og midt i fylket sitt hjarta milde

det ligg ein dal kringom elvar stille,

med fagre lidar og bakkehell,

med grøne slettar frå fjord til fjell.

 

Det var ei tid, då det ut mot havet

steig gjøymde fjordbotnar opp av kavet,

og grøda bar dei som tida leid,

og Lyngdal han var just ein av deim.

 

Det vaks opp gras, og det vaks opp anna

så snøgt som vatnet det seig av landa

og karar kom det og kvinnar med,

då vaks det opp både folk og fè.

 

Det brotnar mykje for harde nevar,

det besnar gjerne for deim som strevar,

med vyrdsam takk lyt ein minnast deim

som rudde gard og som bygde heim.

 

No ligg du, Lyngdal, med dine minnar

om sterke menn og om gjeve kvinnar.

Var folket stundom litt tungt og seint,

det var vel betre enn snøgt og kleint.

 

Og tek imist somtid dine sønar,

dei gjer det sikkert så godt dei skynar,

med vit og lerdom og tolig mot

det fylgjar vokstar på friske rot.

 

Det kvitrar fuglar i bjørkelidar

og surrar bekkar frå dalens sidar,

det rislar elv, og det angar mildt

frå Lyngdal slettar så tyst og stillt.

 

Når vinden lindt gjenom trea susar,

og sola skin over berg og nutar,

det glitrar venleg i vatn og fjord,

ein strålekrans i det høge nord.

 

Så bløm då, Lyngdal, i ly av fjella

med roleg arbeid som velstandskjelda.

Gud signe dalen og livsens gong

med fred og fagnad og sol og song.

 

˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜ ˜˜

Denne songen er forfatta av fylkesagronom Martin Rødland (1874-1970)

 

Hentet fra Lyngdalsboka 1993