*Eit unikt bilde frå Allèen

Eit unikt bilde frå Allèen
 
Av Kolbjørn Stuestøl
 
På førtitalet sykla Håkon Hatlen rundt på Sørlandet og malte landskap etter oppdrag. Han kom også til Lyngdal, der han laga eit bilde for Bernt Opsal. I dagane rundt 15. april 1941 sat han på Meierifjellet, altså fjellet bak det gamle meieriet ved sida av Smiegården og teikna skisser og noterte seg fargane. Sjølve bildet laga han truleg ferdig på losjiet sitt på Bondeheimen. Han fekk eit uventa problem, for i mellomtida brann motivet hans. Svært mange av husa i Alleen forsvann i brannen 18. april dette året. Bildet blei likevel svært godt, og då Bernt fekk besøk av svogeren Hans Møskeland, frå Oslo, ville denne gjerne ha ein kopi. Dette blei ordna året etter då Håkon Hatlen kom tilbake til Lyngdal. Noen små forandringar blei likevel gjort. Dette andre bildet er tydelegare i streken og noe meir forseggjort enn det første. Framføre huset til lensmann Konsmo var det opphavleg ein flagplass med flagstang. Sidan det var krig, var flagstanga tatt ned. Svogeren kravde at flagstanga skulle vere med på bildet. Då Bernt såg resultatet, meinte han at det også burde vere eit flagg på stanga. Hatlen hadde stor respekt for okkupantane, og var lite lysta på dette vågestykket, men malte likevel eit lite vimpelliknande flagg nokså klistra til stanga. Sidan Hans var godvenn med Oskar Strand, ville han også ha hesten til Oskar med på bildet. Vi ser han beitande på Bergejordet. Hesten heitte forresten Lyngdal, så då Oskar såg bildet, blei det straks ropt ut eit «Heia Lyngdal».
alleen05
Sjølv om bildet er malt i 1942 viser det Alleen slik han såg ut to-tre dagar før brannen i 1941.
 
Huset med flagstanga er altså lensmann Konsmo sitt hus, bygd i 1921. Oskar Strand budde i det låge, kvite huset mellom vegen og elva. Huset litt bak flagstanga er Sagårds hus, i dag Magdas helsekro. Vidare langs vegen, som er riksvegen til Farsund, ligg van der Lagens hus og huset til Bernt Opsal, nå tilhøyrande sonen Asbjørn. Det mørke huset på same sida av vegen er Handelslaget.
Tvers over vegen for Handelslaget ser vi Sigvald Finslands hus, nå Williamsen sin butikk. Sigvald Finsland dreiv Lyngdal privatbank heilt til ut på 1930-talet ein gong. Bak Strands hus kan vi sjå Litlands hus der Lillemanns musikkforretning held til i dag. Heilt i utkanten, oppe til venstre ser vi eit stort murhus med valma tak. Det er Lyngdal Sparebank sitt nybygg frå 1937. I dag held bokhandelen til her. Noe meir sentralt, men likevel i utkanten, ser vi det karakteristiske taket til Bondeheimen. Nå borte. Til høgre, ved treklynga, ser vi møbelfabrikken til Mjølhus.
Kjelder:
Det meste etter samtale med Asbjørn Opsal, som eig maleriet. Dessutan Oddleif Lian: Lyngdalsboka I-III
 

Hentet fra Lyngdalsboka 2005