På skuleveg frå Dydland

skuleveg frå Dydland
 
Av Svein Kjørvik
 
Den 9. april 1940 reiste Teodor Stuestøl og familien frå Kristiansand til Dydland i Kvås.
Familien var han og kona og dei fem borna deira: Else, Randi, Gerd, Øyvind og Kjell. Kjell var fødd tidlegare samme året.
 
Dei hadde ei heller dramatisk reise med stopp grunn av bensinmangel, men kom fram til Dydland.

Teodor hadde flytta ei løe som dei budde i mens han bygde ei tømmerhytte i Ureslåta der.

Theodor Stuestøl i arbeid med å lafte hytta på Dydland.

Kjell Stuestøl:
Under andre verdenskrig og i åra etterpå gjekk borna på Dydland til Vemestad på skule. Det var lang veg, først ned ”fjellet” til dalen og så utetter dalen frå Kvås til Vemestad. Det er om lag 6 km til saman, 3 km til Kvås og 3 km i dalen.
 
Dei eldste borna hadde denne skulevegen i fleire år. Randi (f. 1930) gjekk 4 år på skule frå Dydland. Eg begynte på skulen i 1948, då var eg 8 år. Eg venta eit år for å kunne begynne saman med bror Øyvind som begynte då han var 6 år. Det var godt å være to når vi skulle gå så langt. Vi gjekk på skule annankvar veke. Vår og haust er det greitt å gå frå Dydland til Vemestad sjølv om det er langt. Skuledagane vart lange, og vi smågutane gjekk ikkje fort. Det var mange stabbesteinar å kvile på oppetter ”fjellet”. Utover hausten var det mørkt når vi gjekk og mørkt når vi kom heim.
 
Om vinteren var det verre. Då låg snøen på vegen og isen på brua over Kvåsfossen. Vi gjekk på ski, vegen var ikkje brøytt. Det kunne være strevsomt når skiene kladda. Kladdane kunne bli mange centimeter tykke. Vi skrapa snøen av og gnei skiene med grovt salt. Det hjalp ei stund. Når det var kaldt var det andre problem.
 
Oppi kleiva er det ein stad der det er eit lite vannseg. Her laga de seg ein issvull som var farleg og vanskeleg å komme forbi. Det var farleg skrått og isete. Vi hadde då liggande ei øks der som vi hogg spor i isen med så vi kunne komme forbi.
 
På den verste tida om vinteren hende det at vi ikkje gjekk heim. Far hadde snekkerverkstad på Kvås og der hadde vi soveplass når veret var for ille. Då kunne vi gå saman med far heim til helgene.
 
Om vinteren på denne tida var ski mest einaste framkomstmiddelet. Alle gjekk på ski, unge som gamle. Dorthea Fidjestøl gjekk på ski med fotsid stakk og kom susande nedover bakkane. Ho brukte ein kraftig stav og i dei brattaste bakkane sat ho på staven og bremsa. Dei første skiene mine hadde jernfeste til skoen med ei reim på oversida. Seinare laga far ski til meg.
 
Familien til Kjell budde i Ureslåta til 1946; då flytta dei til bruk nr. 1 på Dydland. Hytta i Ureslåta blei seld. Dei budde så der til ca 1949 då huset på Kvås var så ferdig at dei kunne flytta inn. Heilt ferdig vart huset i 1950. Kjell gjekk framleis på skule på Vemestad, men nå var det ikkje så langt. I våre dagar er Rv.43 brøyttt og salta eller strødd heile vinteren. Borna på Kvås har skoleskyss og slepp å gå. Den viktigaste årsaka til dette er nok den store trafikken på vegen.
For 50 år sidan var det ikkje mange bilane som for etter vegen mellom Kvås og Vemestad. Vegen vart brøytt då og, men av og til var vegen bare ei isstripe. Då kunne borna på Kvås gå på skeiser på vegen til skulen. Ellers sykla dei; og om vinteren hadde dei skeiser og ski med på sykkelen. Ved skulen var det ein bakke der dei laga hopp. Denne vart flittig brukt i friminutta. Det var også ei dam nede ved elva der dei kunne gå på skeiser. Det var nok meir fysisk aktivitet for born for 50 år sidan enn det er i dag. Det hadde antakeleg vore bra om dataspela og fjernsynssjåinga var bytta ut med meir aktivitet på ski og skeiser.  
 

Hentet fra Lyngdalsboka 2007