Vest-Agder private ungdomsskule

Til minne om alle dei som gjorde skulen levande

Vest-Agder private ungdomsskule

“Skulen er ein heim,

og denne heimen er ein skule”

 Av Kolbjørn Stuestøl

bygget-kvasklemt-1941

Skolebygget. (Frå Kvås-Klemt 1941)
 
Kvar kveld klokka kvart på ti ringde skipsklokka utføre hovudinngangen første gongen for å varsla om at om eitt kvarter blei ytterdørene låste og om ein halvtime skulle lyset vere sløkt på alle romma. Nattevaktene passa på at alt gjekk rett føre seg og at det var stille på hyblane. Likevel gjekk ikkje alt alltid reglementert føre seg. Dei nettene Flottorp hadde vakt, kom han som regel opp på rommet mitt etter rosignalet og bad meg ut på ein nattleg spasertur. Vi måtte bare passa på at ikkje husmora fekk auge på oss.
 
Torstein Flottorp var den første styraren på Vest-Agder Ungdomsskule. Han var født i Hægebostad og blei headhunta til stillinga frå Nærbø ungdomsskule på Jæren. Nå var han pensjonist, men hadde tatt på seg å vere vikar for den faste styraren. Samtalane våre var innom mange emne. Av og til prata vi om slektningane mine og andre kjentfolk som hadde gått her tidlegare, men mest om dei første åra hans på skolen. Om offerviljen til lærarane, misjonsfolket og bygdefolket. Om pengegåver som alltid kom når økonomien var på lågmål. Om han som kvart år spanderte eit lastebillass med poteter i takksemd over vinteren han hadde vore her, og mange andre, liknande historier. Flottorp gjorde aldri direkte forsøk på å påverka ungguten, men greidde likevel nesten umerkande å dele ut noen tankekorn. Han minna i så måte litt om sløydlæraren vi hadde, som alltid var nesten einig med eleven som klaga på eitt eller anna. Etter mange nok nesten-ar kom eleven fram til at det han klaga over ikkje var så gale likevel. Også ei form for omvending.
 
Mange elevlagsbasarar og andre tilstellingar er haldne sidan dette hende. I år skjedde altså det utrulege. Skolen blei lagt ned. Dermed fekk eg ein god grunn for å reflektere litt over denne skolen og skoletypen og om bakgrunnen for han.
 
Søndag 30. oktober 1921 var grå og trist. Likevel fekk dei to-tre tusen frammøtte ei lys stund då stortingsmann Belland innvigde Vest-Agder Ungdomsskule. «Ein kristeleg ungdomsskule for Vest-Agder hadde fått si vigsling, ein Gudgjeven tanke hadde vorte røyndom» skreiv Asbjørn Stoveland om hendinga. Det kom så mykje folk at skolen gjekk tom for mat. Alle butikkane i Kvås blei tømde for matvarer og deretter butikkane nede i Lyngdal. (Flottorp: «Vi brukte 80 liter melk, hovedsaklig til kaffefløte»). Om kvelden var det bare noen brødskalkar igjen. Desse fekk elevane til frukost dagen etter.

Forstandarskapet

Det første forstandarskapet. (Frå «Der steg en fager tanke»)
 
Ein omstendeleg prosess var til ende. Ein prosess som, etter det eg veit, starta på eit møte i Kinamisjonen i Austad hausten 1918. Året etter blei det vald ei nemnd som skulle arbeide vidare med å opprette ein ungdomsskole for Vest-Agder. Også Indremisjonen og Ungdomsforbundet arbeidde med dei same ideane, men av ulike årsaker blei det til at Lister og Mandal krins av Kinamisjonen tok på seg å reise ein ungdomsskole i Vest-Agder. Fleire kommunar sa seg viljuge til å løyve pengar til prosjektet dersom skolen blei lagt til eigen kommune. Såleis lova Eiken kommune å yte opp til 25.000 kr, Hægebostad 20.000 kr og Lyngdal 17.000 kr. Kvås gjekk likevel høgast med 30.000 kr og fekk såleis skolen. To jordteigar på til saman 13 dekar blei innkjøpt og hovudbygget sett opp. Alt må ha skjedd utruleg fort ut frå tilhøva på den tida.
 
Skolen blei både praktisk og vel utstyrt. Det var lagt inn elektrisk lys, sentralvarme og varmt og kaldt vatn på alle romma. Sikkert ikkje mange av dei 65 elevane som gjekk der den første vinteren hadde slikt heime. Byggebudsjettet var på totalt 180.000 kroner. 100.000 kr. blei betalt med 70.000 kr som var samla inn privat og dei 30.000 kr. frå Kvås kommune. Gjelda blei såleis 80.000 kr. I byggebudsjettet var det ikkje rekna med verdien av dugnadsarbeidet verdsett til mellom 20.000 kr og 30.000 kr. Det var nok ingen som bokførte dugnadstimane den gongen.
 

Elevane 1922

Dei første elevane. (Bilde utlånt av Georg Igland)
 
Skolen hadde rom til 50 elevar, resten blei innkvarterte privat i nærleiken eller budde heime. Dei første vekene etter skolestart var hyblane i tredje etasje ikkje ferdige, så i ventetida budde noen av gutane på sløyden. Korleis dei vinteren 1923/24 fekk plass til 83 elevar er nesten uforståeleg.
 
Dei første åra var prega av optimisme, dugnadsånd og pengemangel. 5-6 tusen kroner i årleg rente i tillegg til avdraga var tyngande. For å få elevtalet opp på eit drivverdig nivå, fann skolestyret at dei måtte få fleire praktiske fag. I 1929 blei det difor sett opp ny sløydbygning, sjølvsagt på dugnad. Sementblokkene støypte dei sjølv med sand frå eiga tomt. Flottorp skriv om denne perioden: «Så bygde vi sløyden for ca. kr 5000, og kjøpte maskiner, verktøy og inventar til sløyd, skolekjøkken og vevsal for ca. kr. 5000, og var i stadig pengeknipe et helt år.» Då knipa var som størst, blei skolen endå ein gong berga av pengegåver, denne gongen på til saman 2.700 kr. «Men fra den tid vet jeg hva det er å være i pengeknipe», skreiv Flottorp. I 1942 blei siste rest av gjelda betalt m.a. ved hjelp av betalinga skolen fekk då tyskarane rekvirerte skolen i 1942. Aldri så gale… Nå kunne skolen endeleg legge opp fond til nybygg.
 
Krigstida frå 1940 til 1945 blei forresten spesiell. Dei første krigsdagane blei Farsund sjukehus evakuert til Kvås. Elevane måtte ut av bygget for å gi plass til pasientane og personalet. Hospitalkorset blei måla på taket. Hyblane blei rydda og skoleutstyret blei stuva bort i smia før den lange bilkortesjen frå Farsund kom til skolen. Skolesalen blei delt i tre område med «skiftestua» der legane arbeidde i den eine enden, venterommet i midten og sovesal for lottene i den andre enden.
 
Dei fleste pasientane blei plasserte i andre etasje, men noen også i tredje der sjukesøstrene hadde hyblane sine. Undervisningskjøkkenet blei til laboratorium. Medan skolen var fylt med elevar, hadde ingen merka at mange av dørene gav seg på hengslene, men nå blei knirkelydane så tydelege at oljekanna måtte fram. Då dei norske styrkane kapitulerte utpå våren, flytte sjukehuset tilbake til Farsund.
 
Også husmorskolen på Lista, eller Vest-Agder fylkes husmorskole som han eigentleg heitte, måtte ein tur til Kvås i krigstida. I mai 1941 måtte husmorskolen evakuere. Men kven hadde ledige undervisnings- og elevrom for ein heil skole? Kvås blei kontakta. Der hadde dei fullt opp heile sommaren med stemne og møte med hundrevis av deltakarar, men slik situasjonen var, måtte det finnast ei råd. Og råd fann dei. Husmorskolen fekk fullført dei 6-7 vekene som var igjen av skoleåret. Styrarinne frk. Grindland skriv at dei levde som grevar. «Så mykje mjølk og fløyte, egg og gjøkalvsteik trur eg ikkje vi har hatt før eller sidan. Det var nok mange som var litt for gode med oss dei vekene… »
 
Under og like etter krigen hadde skolen ikkje plass til alle som ville inn. Bygge- og utvidingsplanar hadde ein vel eigentleg hatt sidan skolen var ny, men nå blei det prekært. Saman med lærarpersonalet vedtok styret og representantskapet for skolen å lage eit oversyn over kor mange og kva slag rom skolen verkeleg trong. Arkitekt Wilhelm Karlson i Oslo fekk i oppdrag å legge fram ei skisse til nybygg. På krinsmøtet i Agder krins av Kinamisjonen blei det sommaren 1947 vedtatt at «Kretsmøtet gir kretsstyret og skolens styre fullmakt til å sette i gang nybygginga så snart som mulig etter som forholdene legger seg til rette. Det settes i gang en organisert innsamling til nybygget over hele kretsen»
 

Utbyggingsplanane

Utbyggingsplanane frå 1947 blei seinare noe forandra.
Av desse nybygga blei bare bygget øvst, i midten reist.
(Frå «Der steg en fager tanke»)
 
 
Som vanleg skjedde ting fort i dei tidene. I 1950 sto nybygget, det som i dag blir kalla Austheim, ferdig med både eit stort vaskerom, klasserom for handarbeid og bibliotek. Heile andre etasjen var tomanns elevhyblar. Dessutan også ein lærarbustad i søre enden.
 
Eit par-tre år før blei styrarbustaden sett opp. I andre etasje blei dei av dei fire soveromma som styrarfamilien sjølv ikkje hadde bruk for, brukte som elevhyblar. Alt måtte utnyttast.
1962 var det store byggeåret på Kvås.
 
Tre nybygg blei tatt i bruk:
 
-Vestheim med tre klasserom, 25 hyblar og diverse andre rom.
-Nordheim med symjehall, gymnastikksal og diverse andre kroppsøvingsrom.
-Sløyd- og verkstadbygget med metallverkstad og tresløyd.
 
 
Sørheim blei ferdig i 1966. Her var det både klasserom, peisestove og grovkjøkken, i tillegg til diverse kontor for skolen, og 20 internatrom.
 
Byggeperioden blei avslutta i 1995 då det blei sett opp to internatbygg med 10 hyblar i kvart bygg. Utanom bygningane som var relaterte direkte til skolen, blei det i 1972 og 1984 bygd fleire bustader for personalet. Til saman har skolen nå 14 ulike bygningar.
 
Etter denne blomstrings- og satsingstida kom nedgangen. Ved tusenårsskiftet fekk folkehøgskolen for få søkarar og blei nedlagt eit par år seinare. Frå hausten 2005 blei det oppretta vidaregåande skole med internat. Også denne hadde etter måten få søkarar, men held likevel fram med bare frå 20 til 40 elevar. Dette kunne ein forsvara ut frå dei prognosane og budsjetta som ein dyktig rektor, Mads Alvheim, og personalet hans hadde utarbeidd. Ut frå desse ville skolen dei næraste åra få lov til å opprette fleire studieretningar.
Sjølvsagt talde det også at både bygdefolket i Kvås og mange misjonsvener hadde eit sterkt ønskje om å oppretthalde skolen. Elevane likte seg svært godt her og gjorde ein imponerande innsats for å reklamere for skolen og greidde å snu den negative trenden. Skolen fekk etter kvart eit godt ry. Søkartalet auka sterkt, og var for skoleåret 2008/09 langt over hundre, faktisk 3-4 søkarar for kvar elevplass. Framtida såg lys ut.
 
Hausten 2007 bestemte Norsk Luthersk Misjonssamband (tidlegare Kinamisjonen) seg likevel for å legge ned skolen. Gjelda på 15-16 millionar kroner var for stor til at NLM våga å halde fram. Dei godtok ikkje rektors prognoser om overskot innan få år. Etter massive protestar og mange forhandlingar lova NLM likevel å driva skolen vidare, men 1. april 2008 kom den endelege avgjersla: Skolen skulle leggjast ned. Same dagen, eller nokså nær, fekk skolen melding om at to nye linjer var godkjende.
 

Dei siste elevane

Siste skoledagen var venner av skolen med på å arrangere grillmiddag for elevar og tilsette ved skolen
(Foto: Kolbjørn Stuestøl).
 
 
«Skula på Moi» er altså nå historie. Kvar og ein av dei mange tusen som har vore elevar ved skolen har sine eigne minne frå ein eller to skolevintrar her. Dei aller fleste positive. Ungdomane gjekk på Kvås medan dei var i ein lett påverkeleg alder. Dermed blei skolen og miljøet der ekstra viktig for den personlege utviklinga til dei aller fleste med ei påverking dei aller fleste oppfattar som positiv. For mange blei då også skolen eit merkbart vendepunkt der kursen vidare i livet blei stukken ut på nytt.
 
For Kvås er nedlegginga av skolen sjølvsagt eit stort tap. I ei så lita bygd har alle eitt eller anna forhold til skolen. Eit forhold som var svært så tosidig. Skolen gjorde og betydde svært mykje for bygda, og bygda gjorde og betydde svært mykje for skolen. Noen hadde arbeidet sitt ved skolen, andre stilte opp på dugnad eller i det minste på dei berømmelege juleborda og festane 17. mai og andre høgtidsdagar. Personalet og elevane som kom til skolen utanfrå, tilførte kulturlivet i bygda nye impulsar. Kvås og skolen levde nesten eit symbiotisk liv der begge både påverka kvarandre og var avhengige av kvarandre. Sjølvsagt har eg ikkje gløymd dei økonomiske ringverknadene av skolen. Skolen var ein av dei største arbeidsplassane i bygda. Nå må mange flytte eller pendle, eller kanskje til og med vere utan arbeid.
 
Dei idealistane som starta skolen var først og fremst opptatt av at flest mogleg ungdommar skulle oppleve kristendommen på ein positiv måte. Samstundes var dei nokså realistiske, og visste at skulle ei eventuell omvending vare «i livets strid», måtte opplevinga av kristendommen koplast til gode minne. Difor var det viktig å bygge opp elevane og gjere dei trygge på seg sjølv og trygge på skolemiljøet. Ut frå desse tankebanane og synet stiftarane hadde, var det difor heilt naturleg å skrive i ordensreglane for skolen at «Skulen er ein heim, og denne heimen er ein skule»
 

Elevkullet 1923

 

Kjelder:
I tillegg til eige minne og deltaking på ein del møte om skolen si framtid, har eg brukt:
 -«Der steg en fager tanke». Vest-Agder Ungdomsskule i 25 år. Ved Ola Vegge, Torstein Flottorp, Knut Høyland og Asbjørn Stoveland. Salvesen & Co., Mandal 1947.
 – «Kvås-Klemt». Jubileumsnummer 1921 – 1941. Utgitt av skolens elevlag. Redigert av Asbjørn Stoveland.
 – Salsbrosjyren frå ABCenter, Lyngdal
 
(Fra Lyngdalsboka 2008)